Lom kommune og Lom idrettslag jobbar for å få til folkebading i Utgard ein kveld i veka framover. For å få til dette treng vi frivillige til å stille som badevakter. Vi treng ein person med livredningsprøve og ein ekstra medhjelpar på kveldene vi skal halde ope. Det vil bli gjennomført livredningskurs i bassenget i Skjåk innan kort tid. Er dette noko du ynskjer å væra med på så meld di interesse til Karina Mandal, enten på messenger eller på telefon 41555799, både om du ynskjer å væra med som medhjelpar eller væra livreddar.

Vi håpar mange melder seg til dette, ope basseng er eit godt lavterskeltilbod for barn og unge i Lom, og med mange personar på lista vil det bli berre nokre få kveldar per person. Spre gjerne budskapet ut til folk dykk kjenner.