Skigruppa
Løypestatus
Kartet viser når trakkemaskina køyrde sist. Merk at scooter-prepping ikkje blir vist i dette kartet. Her er fargekodene:
Vil du støtte løypekøyringa?
Arbeidet blir utført på dugnad av frivillige, og vi nyttar trakkemaskin eller snøscooter til løypekøyringa. Ved å gje eit bidrag er du med og støtter driftsutgiftene til løypekøyringa.
Du kan betale til kontonummer 2085 07 22480 eller nytte Vipps. Beløpet bestemmer du sjølv.
For å betale med Vipps kan du søke opp «Lom IL – Skigruppa» eller skrive inn Vippsnummer 502189. Då kan du velgje «Løypeavgift årskort kr 300» eller «Løypeavgift valfritt beløp».
Vi set pris på alle bidrag!
Løypekøyring:
Ljosløypa har hovudprioritet i høve til oppkjøring, og vi prøver så godt vi kan å ha nypreparerte løyper der. Traseane til Kvammen og Åslirunda vert køyrd stort sett mot helgane.
Ljoset i ljosløypa lyser til ca. 22.30 om kveldane.
Ljosløypa har følgjande distansar
- 1 km
- 2 km
- 3 km
Åslirunda:
Rundtur på ca 8 km.
Åslirunda startar ved Skihytta. Kryss vegen og følg vegen eit par hundre meter oppover skogen til skiløypa byrjar. Følger Kvammsvegen oppover ca 2 km. Tek så av til venstre og følgjer «Øvre Stikkveg» i flatare terreng til Gapahuken. Vidare nedover Åslivegen, og så til venstre langs «Nedre Stikkveg» over til Kvammsvegan att.
Kvammen:
Ca. 3 km
Oppover Kvamsvegen som Åslirunda, men går heilt opp til Kvammen.
Åslikvolven:
3 km rundløype vestover frå Gapahuken i lett og ope terreng.
Blir køyrt når det er nok snø og sikker is. Denne løypa bles lett att.
Fjelløypa:
Ca. 17 km
Løypa går fyrst opp til Kvammen og så til fjells. Vidare i lett fjellterreng nesten til Honnsjoen før løypa svingar sørvaustover att og ned til Åslikvolven.
- Fjelløypa blir ikkje merka eller køyrd opp, og denne turen krev kunnskap om navigasjon og sikker ferdsel i høgfjellsterreng.
- Ver obs på skredterreng ned frå Nørdre Storteppingje.
- Vis omsyn til villrein om området.
- Vi minner elles om fjellvettreglane.
Kart: Klikk her for kart over fjelløypa
Kjelde: Jon Sjurgard