Her finn du tips og skjermbilder for å gjere påmeldinga enklare – om du er i tvil.: Sjå her.

Meld deg på online her.

Informasjon om lysløyperenn
Det er online påmelding fram til kl 1815 på renndagen. All påmelding skal skje på nett. Det er KUN høve for NØD-påmelding i skihytta mellom 1800 og 1815.

Tips: Etter påmelding tilrår vi alle å sjekke deltakarlista om du og dine er oppført i rett klasse. Deltakarlista finn du på påmeldingssida frå menyen.
Startnummerutdeling kl 1830, presis.

Kuldegrensa er -15 grader. Sjekk heimesida, eventuell avlysing vil skje innan kl 14.00 same dag.

Alle som startar må vere medlemmar i Lom IL. Medlemmar frå Garmo IL, Bøverdalen IL og Skjåk IL er òg inviterte til å delta.

Vi er avhengig av gode hjelparar! Sjekk om du står oppført på arbeidslista: Klikk her