Midlane som kjem inn vil bli øyremerka idrettsanlegget i Grov, slik at dei får raskare i gong att aktivitetar for små og store.

Heile idrettsanlegget til Lom il (Grov) vart hardt ramma under flaumen i oktober 2018. Kunstgrasbana, ishockeybana, ridebana, grasbana og klubbhuset med lager vart totalskadd. Dette gjer at all aktivitet i Grov har vore stengt sidan, og fører til at barn og unge må til nabokommuane for å utøve idrettsaktivitetane sine. 

Idrettslaget treng di støtte for å få i gong att idrettsanlegget og aktivitetane for små og store. 

Meir informasjon finn du her: https://www.spleis.no/project/97218