Den store pantedugnaden.

Idrettslaget må heile tida tenkje nytt for å skaffe inntekter til dei ulike tilboda laget kan tilby. Lom Idrettslag tilbyr fritidsaktiviteter til ulike aldersgrupper, men utstyr og og drift av ulike anlegg er dessverre ikkje gratis. Pantedugnad er tenkt som ei inntektskjelde for idrettslaget, slik at ungane kan sleppe å selje ulike artiklar for å skaffe pengar.

Kva er pantedugnad?

Pantedugnad betyr at du kan gje tomflasker ( NB! med norske pantemerker) du har heime hjå deg. Ynskjer du å bidra med tomflasker til idrettslaget, så kan du sette posen/sekken med tomflasker der du vanlegvis set søppelsekken din. Den utplukka dugnadsgjengen vil koma innom og hente panten på ein viss dato til eit bestemt tidspunkt, noko de vil få beskjed om i god tid. Dette vil i tillegg bli opplyst i Fjuken og delt på Facebook rett før hentedagen. I 2020 kjem det til å bli 4 hentedatoer der to og to klassesteg deler på innhentinga. Foreldregruppa til 6. og 7. kl er dei fyrste som skal ut på innsamling. Som takk for hjelpa kjem 7. kl ( kvart skuleår ) til å få kr. 1000.- til skulekassa si.

Kven er dugnadsgjengen?

I fyrste omgang er det foreldregruppene til klassestega 1. – 7. kl som skal hjelpe til med innhenting av pant i heile Lom. Pantedugnaden vil bli inndelt i soner med ein dugnadsansvarleg frå foreldregruppa kvar gong. I tillegg vil ein ansvarleg frå pantedugnadsgruppa til Lom IL vera med for å sjå at dette går fint, eller om vi må endre noko på opplegget.

Pantepostkasse.

Ved panteautomaten på Kiwi og Coop Extra heng det kvite postkasser med lås. Der er det mogleg å gjeva pantelappen sin direkte til idrettslaget.

Ta kontakt.

Blir ikkje panten din henta, eller vilk du gjera ei spesialavtale om henting av pant på ei bestemt adresse, så tak kontakt med Magnhild Bjørgen ( 45050065 ) eller Sissel Høiberg ( 91731052 )

Mvh pantedugnadsgjengen.