Lysløyperenn – Fristil skicross (Telenor)

4. feb 2020
18:00 - 20:00

Velkommen til lysløyperenn i kveld. I kveld blir det skicross og rennet starter kl. 18.30. Du kan melde deg på online eller i skihytta mellom kl 1800  og 1815. siste påmelding 1815.

Til dette rennet blir det laga ei morosam skicrossløype som har same start og mål som vanleg. Det er forskjellig gjennomføring avhengig av klasse:

G/J 7 og yngre (0,5km): For dei yngste som går 0,5km, blir opplegget som vanleg med intervallstart og den vanlege 0,5km løypa. Det kan bli nokre ekstra kuler og hindringar løypa.

Trim utan tid: For trimmarar utan tid blir det same opplegg som elles med intervallstart før dei minste.

G/J 8,9,10 (1km): Dei som vanlegvis går 1km skal gå «skicrossløypa» ein gong. Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. Det blir fellesstart i heat som ikkje nødvendigvis følger vanleg klasseinndeling.

G/J 11,12 (2km): Dei som vanlegvis går 2km skal gå «skicrossløypa» to gonger (heat). Det blir pause mellom dei to heata. Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. Det blir fellesstart i små heat som ikkje nødvendigvis følger vanleg klasseinndeling.

G/J 13+ (3km +) og Trim med tid:  Dei som vanlegvis går 3km og lenger (inklusiv trim m/tid)  skal gå «skicrossløypa tre gonger (heat). Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. For desse blir det to innleiande heat og finaleheat.

NB! Det blir ikkje tidtaking på dette rennet.

Dette rennet inngår i Telenorkarusellen.

Online påmelding her

LYSLØYPERENN #5
04.02 Hovudansvarleg: Lars Kristian Sperstad
Startar: Andre Sørhage, Øyvind Angard
Tidtaking: Amund Mundhjeld, Trond Teigen, Lars Kristian Sperstad
Ta inn vestar/premie: Tone Vole, Ingunn Moen Helland
Sekretariat: Amund Mundhjeld, Annette Hellekveen
Kiosk: Ann-Helen Skaansar, Elisabeth Odden, Liv Grasdalsmoen