Idrettslaga i Lom og Skjåk har mange ildsjeler som legg att mykje arbeid i treningar, konkurranser, dugnader, vedlikehald og mykje meir. Vi veit at dette arbeidet er viktig for å halde folk i fysisk aktivitet, men kor mykje får samfunnet att for dette arbeidet, målt i kroner og øre?

Ein studie av Wollebæck, Selle og Lorentzen berekna kroneverdien av den frivijuge innsatsen innan norsk idrett. Ved å dele antal årsverk i norsk idrett på antal medlemmar i NIF, kom ein fram til ein friviljugheitsfaktor på 0,01699813. Den låge faktoren viser at idretten er svært kostnadseffektiv, ein held mange i aktivitet med relativt frå friviljuge/trenarar/leiarar. Ganger ein denne faktoren med antal medlemmar i Lom IL og Skjåk IL (til saman ca 1050) får vi eit anslag på friviljuge årsverk i laget. Reknestykket viser  at idrettslaga sysselset om lag 17,8 årsverk. Legg ein til grunn gjennomsnittleg årsløn i Noreg (SSB, 2016), finn vi kroneverdien av arbeidet som blir lagt ned; ca 9 300 000 pr år. I tillegg til Lom IL og Skjåk IL har vi fleire andre idrettslag og foreiningar som og produserer mange friviljuge årsverk innan idretten i kommunene.

Produktet av desse årsverka er betra folkehelse. Den samfunnsøkonomiske verdien av dette er stor, men sjølvsagt vanskeleg å talfeste nøyaktig. Likevel kan ein nemne eit eksempel på berekningar frå helsedirektoratet (2014). Om ein sjuåring går frå å vere inaktiv til å bli aktiv (anbefalt minimum av fysisk aktivitet), og held aktivitetsnivået resten av livet, vil den totale velferdsgevinsten for samfunnet over eit livsløp tilsvare ca 4,8 mill kr. Om sjuåringen går frå å vere inaktiv til svært aktiv (meir enn minsteanbefalingane til aktivitet) kan den totale gevinsten kome opp mot ca 9,3 mill. kr for den eine personen (!). Gevinsten ligg blant anna i fleire friske leveår utan auke i helse- og omsorgsutgifter, og med moglegheit for fleire år i produktivt arbeid. Verdien av fleire friske leveår er større enn kostnaden ved pensjon. I tillegg kan ein nemne at aktive barn gjer det betre på skulen, tek høgre utdanning, drikk og røyker mindre enn inaktive barn.

Det er som sagt vanskeleg å anslå den totale velferdsgevinsten av aktiviteten vår, men med føregåande eksempel vil nok dei fleste forstå at idretten er svært viktig.

Taleksempla over kan vere eit godt innspel til budsjettforhandlingane som Lom og Skjåk kommune går i gang med i desse dagar.

Overføringar til idrett og fysisk aktivitet er ikkje ein kostnad, men ei investering i framtida!

          Ballgutar Sogndal-Rosenborg

 

 

 

 

 

 

 

 

Ballgutar i Sogndal: Foto Olav Gudbrand Øyen.                                                                            Aktivitet på den nye ishockeybana. Foto: Ishockeygruppa.