Lom IL søkte i februar om 95 000 kr i støtte til etablering av ishockeybane i Grov. Av eit stort antal søknader er Lom IL ein av få heldige som har fått innvilga heile søknadssummen.

Dette er eit svært viktig bidrag som vil generere mykje idrettsglede i mange år framover. Styret ynskjer å rette ein stor takk til Sparebankstiftelsen og alle som bidreg for å drifte ishockeyanlegget i Lom.