På årsmøtet i februar 2016 vart det vedteke retningslinjer for korleis idrettslaget skal støtte eigne utøvarar som satsar nasjonalt i sine idrettar. Lom idrettslag er eit breiddeidrettslag med mål om å halde flest mogleg i aktivitet. Som resultat av god breiddesatsing, har vi og fått fram utøvarar som satsar nasjonalt på sine idrettar, hovudsakleg i langrenn og fotball. Idrettslaget skal ikkje drifte noko toppidrettstilbod, men ynskjer å vise at vi set pris på ungdom som har ambisjonar om å bli gode idrettsutøvarar og forbilde for andre barn og unge i klubben.

Eitt av punkta i vedtaket frå årsmøtet, er at idrettslaget årleg skal vedta ein «satsingspott» til fordeling på enkeltutøvarar som satsar nasjonalt. Idrettslaget har i år vedteke ein pott på kr 10 000. Juryen består av styreleiar Stig Roar Mandal pluss to eksterne medlemmar.

Søknadsfrist er 10. desember.

Fordelinga blir vurdert på grunnlag av aktivitet utført i kalenderåret 2017.

Søknadskriterie:

Langrenn

Enkeltutøvarar frå 13 år og eldre som deltek i ulike NM og norgescuprenn (17 år og oppover) kan etter sesongen søkje om tildeling av midlar frå «satsingspotten» til hovudlaget. Hovudlaget gjer ei fordeling på bakgrunn av antal NM- og noregscuprenn den enkelte har delteke i. NM-renn skal vektast det dobbelte av noregscuprenn. Som nemnt tidlegare må aktuelle kandidatar (evt føresette) sjølv søkje idrettslaget om slik støtte innan fristen.

Fotball

Enkeltutøvarar frå 13 år og eldre som blir utteke til kretslag, eller som på andre måtar har utmerka seg på nasjonalt nivå (eksempelvis prøvespel for klubbar i dei to øvste divisjonane) kan tildelast midlar frå «satsingspotten». Som nemnt tidlegare må aktuelle kandidatar (evt. føresette), sjølv søkje idrettslaget om slik støtte innan fristen.

Andre idrettar

Medlemmar som satsar nasjonalt på andre idrettar kan og søkje på individuelt grunnlag.