Måndag 30.oktober kl 19.00 inviterer Lom vgs. til ope møte i Utgard.

Bo Lindblad som er prosjektmedarbeidar for folkehelse og førebygging i Oppland og Hedmark skal halde føredrag om følgjande tema:

  • Innføring i doping som samfunnsproblem
  • Ungdom og sosiale media
  • Kropp og haldning til kosttilskot og doping

Frå Lom kommune stiller Mari Weldingh som er prosjektleiar i ei arbeidsgruppa som jobbar med psykisk helse for barn og ungdom i Lom kommune. Ho vil fortelje om korleis Lom kommune arbeider på dette området.

Idretten i Lom skal byggje opp om god fysisk og psykisk helse. Det er derfor viktig at vi som tillitsvalde i idretten kjenner til temaet og problemstillingane ovanfor. Da kan vi forhåpentlegvis gjere tiltak som førebygg skadelege effektar av ungdom som streber etter å vere best på alle arenaer.

Håpar derfor at utøvarar, trenarar og andre tillitsvalde i idretten stiller opp på dette.

Bruk inngangen til vidaregåande.