I veke 14 treng vaktmeistrane i Lom kommune på ny hjelp til å flytte møblar og utstyr til dei nyoppussa lokala på helseheimen. Denne gongen vil det vere behov for hjelp på dagtid. Om du har anledning til å bidra nokre timar på ein av vekedagane i veke 14, er det fint om du melder deg til dugnad@lom-idrett.no. Det blir ikkje oppsett faste klokkeslett, så her kan du bidra så lenge du har anledning, innanfor vanleg arbeidstid.  Dei som melder seg vil få tilsendt meir informasjon.

Det nærmar seg Fjordingsmartna, og det vil snart bli lagt ut påmeldingslister for dei ulike vaktene som idrettslaget skal ha i år. Følg med framover, her gjeld fyrstemann til mølla!