Det er framleis ein del som ikkje har betalt medlemskontingent for 2017. Om du ikkje har fått tilsendt faktura, har problem med betaling eller treng hjelp med innlogging/registering i Min idrett, ver venleg å ta kontakt med Hallgeir Garmo på dl@lom-idrett.no eller tlf 909 85 821.

Idrettslaget har digitalt medlemsregister i Min idrett. Det vil seie at vi sender faktura på e-post til dei som har det registert på sin profil i Min idrett. Overgangen til digitalt medlemsregister medfører at vi har ein del feil og manglar i medlemslistene våre. Vi er takknemlege om for all hjelp vi kan få til å rydde opp i listene, og beklager eventuelle feil i fakturaer som blir utsendt. Sjå kontingentsatsar og informasjon om medlemskap her