Fjellskoe turorientering

Trimgruppa i Lom idrettslag held fram med Fjellskoe Turorientering. Vi har endra på nokre av turmåla denne sesongen og, men kom gjerne med tips om nye turmål!

Turmåla er kort skildra på klyppekortet, og ved å nytte nettsida UT.no finn ein kart som kan skrivast ut. Søkjeord for turmålet står på klyppekortet. Nytt av året er kartkoordinatar på dei fleste av postane. Tast inn desse på UT.no eller ein GPS og du vil lettare finne postane.

Vi har òg lagt ut info og turmåla på heimesida vår ( går inn via Lom i.l.). Her vil du òg finne info om
planlagte fellesturar og bilder/litt attendemeldingar på turar som har vore.

Vi held fram med Trøyllpostane for dei minste. Det blir nokre endringar frå i fjor. Klyppekorta kan hentast og
leverast inn på biblioteket eller på servicetorget i kommunen. med same leveringsdato som fjellskopostane. Dette er for ungar frå 0 t.o.m. 7 år. Det er 9 postar. Blir 5 av desse besøkt, er premien ei T-skjorte.

Klyppekorta kan hentast og leverast inn på biblioteket eller på servicetorget i kommunen. Pga ein del sjogg til fjells kan enkelte postar koma opp litt seinare. Innleveringsfrist er 15.oktober. Deltek du i Fjellskoe Turorientering må du væra medlem i Lom Idrettslag.

På kvar tur kan du ta så mange postar du vil og i den rekkjefølgja du ynskjer. På kvar post heng det ei
stifteklemme med eit spesielt mønster på. Klypper du rett nummer på kortet er det kvitteringa di for at du har vore på posten.

God tur!

Premiering

Trøyllpostane 0 – t.o.m. 7 år
Frå 8 -15 år Gå 8 av postane eller meir
Frå 16 år og vaksne Gå 12 eller fleire postar.

Premien er ei T- skjorte med Fjellskopost logo. Premiering vil skje på Idrettslagsbasaren . Vi vil òg ha 2 premiar som vi trekker blant dei som har levert inn klyppekort.

Postane vert kontrollerte så fort det lèt seg gjera!

NB! Vi har 2 ”skrytekasser” ein i øverste skogsbilveg i Prestgardsskogen og ein ved Skimhytta. Gjer vel og
skriv navnet ditt der så kan du bli heldig vinnar av ein uttrekspremie.

Gjer vel å kontakte Ingvard Olstad (975 43 825) eller Reidun Kvåle ( 950 86 507 ) ved feil eller manglar ved nokon av turorienteringspostane.

Har du spørsmål om Trøyllpostane ta kontakt med Karina Mandal ( 415 55 799 ) eller Sissel Høiberg ( 917 31 052 ).