Aktivitetsplan

Oppdateres søndag før kommende uke

Baneindeling

Kamper

Hva skjer?

Treningsavgift

Fotballgruppa har 24 lag med godt over 200 aktive fotballspelarar. Å drifte eit godt trenings- og kamptilbod for alle desse medfører store kostnader for idrettslaget og fotballgruppa. 90 % av desse kostnadene dekkjer fotballgruppa inn ved hjelp av lojale sponsorar, offentleg tilskot og ein soldid dugnadsinnsats av medlemmane våre. Slik kan vi halde treningsavgiftene på eit forholdsvis lågt nivå samanlikna med mange andre klubbar.

Medlemskontingenten er ei generell avgift for å bli medlem i idrettslaget, og denne må vere betalt for at utøvaren skal vere forsikra under aktvitet i regi av idrettslaget. Treningsavgifta skal dekkje kostnader i direkte forbindelse med aktiviteten i fotballgruppa, slik som drift av anlegg, halleige, dommargodtgjerdsle, reisekostnader, utstyr, drakter osv.

Treningsavgifta blir sendt ut som betalingskrav via Min idrett ca 10.mai kvart år. Alle som har registert korrekt e-postadresse her vil få tilsendt varsel og fakturavedlegg på mail, resten vil få faktura i posten. Alle kan anten betale fakturaen via innlogging på https://mi.nif.no/, eller ved å betale med KID-nummeret som er oppgjeve i fakturaen. Det blir oppretta ein faktura pr utøvar, men ein del føresette kan oppleve å motta like fakturaer på den same utøvaren fordi same e-postadresse er oppgjeve fleire plassar. Du skal sjølvsagt berre betale den eine.

Dei ulike avgiftssatsane er tilpassa kostnadsnivået ved aktiviteten i dei ulike avdelingane (barne-, ungdoms, og junior/seniorfotball). Alle som deltek aktivt i fotballgruppa er plikta å betale treningsavgift.

Barnefotball (0-12 år) –> 250,-

Ungdomsfotballen (13-16 år) –> 500,-

Junior/seniorfotballen (17 år og eldre) –> 1000,-