Etter ynskje og initiativ frå Lom IL har Lom IL og Skjåk IL beslutta å samarbeide om å starte opp svømmekurs i Lom for dei minste barna hausten 2019.
I helga har tre stk frå Lom IL vore i Sørumsand på instruktørkurs og vorte sertifisert til å gjennomføre svømmekursa Vanntilvenning, Hval, Skilpadde, Pingvin og Selunge.
Helga var spennande, lærerik og veldig inspirerande og idrettslaget håpar på stor interesse og oppslutning kring tilbodet som mest truleg startar opp i september. Meir info vil kome på heimesida, sosiale media og som flygeblad etter sommaren! Ved spørsmål eller innspel kan ein kontakte Karina Mandal.