Offentleg bading i Utgard

Lom IL arrangerer offentleg bading i vinter, med oppstart torsdag 9.november. Vi forsøker å ha bading kvar veke framover, så langt vi nok badevakter. Det kan variere kva vekedag badinga blir lagt til. Dette for å tilpasse øktene etter når badevaktene våre har anledning til å stille. Følg med i tabellen under for å sjå kva dagar det blir bading. Vi deler badinga i tre aldersgrupper:

  1. 1630-1800, tom 1.klasse
  2. 1800-1930, 2-7.klasse
  3. 1930-2100, ungdom

Gratis inngang.

Barn under 10 år og/eller barn som ikkje er svømmedyktige må vere i følgje med vaksen.

Meld deg som badevakt!

Vi har få badevakter med godkjent livredningsprøve, desse er oppsett som vakter i kolonna til venstre i tabellen. I tillegg til ein godkjent badevakt, vil vi trenge badevaktassistentar som ikkje er påkrevd å ha livredningsprøve. Om du ynskjer å bidra som badevakt, med eller utan livredningsprøve, meld deg til dl@lom-idrett.no. Meld frå kva dag/dagar du kan vere badevakt, jamfør tabellen under. Vi manglar vakter der det er blanke felt.

Ta livredningsprøva

For å ha offentleg bading er det krav om å ha badevakter med godkjent livredningskurs. Vi har desverre svært få godkjente badevakter og er takknemlege for alle som vil ta livredningsprøve og bidra som frivillig badevakt for Lom IL. Livredningsprøva er gratis og blir avhelde i Skjåk. Om du ynskjer å ta livredningsprøva, meld deg til dl@lom-idrett.no.

DatoBadevakt med livredningskursBadevaktassistent
Torsdag 22.02Manglar vaktManglar vakt
Torsdag 01.03Vinterferie. Ingen badingVinterferie. Ingen bading.
Torsdag 08.03Manglar vaktManglar vakt
Onsdag 15.03Jeanette SchakendaRune Andre Sveine
Torsdag 22.03AVLYST grunna mangel på badevakterAVLYST grunna mangel på badevakter
Torsdag 05.04Jeanette SchakendaKarina Mandal
Torsdag 12.04Manglar vaktManglar vakt
Torsdag 19.04Karina MandalRune Andre Sveine