Skigruppa oppmodar ungdom til å gå Åslirunda i vinter, og alle ungdommar som går Åslirunda 10 gonger eller meir, er med i trekninga om ein fin premie. Det er no ei eiga bok i postkassa ved Gapahuken for å registrere turar i ungdomstrimmen.

Nokre reglar til deg som vil vere med:

  • Alle som går på ungdomsskulen eller vidaregåande kan vere med på ungdomstrimmen.
  • Du kan registrere turar fram til siste skirennet 13. mars.
  • Skriv dato og namn i boka for å registrere ein tur.
  • Du vel sjøl kva for rute du vil gå, men du må altså oppom Gapahuken for å registrere. Ein kan f.eks gå opp og ned Åslivegen.
  • Om du har vore til Gapahuken tidlegare i vinter, kan du notere dei turane i ungdomstrim-boka med namn og dato.
  • Ein kan registrere fleire turar same dag, men må da heilt ned til skihytta mellom kvar gong.
  • Vi kjem til å trekkje vinnaren under premiekvelden i Utgard 25.april 2018.
  • Vi kjem attende med kva som blir premien.