Skigruppa inviterer til ny runde med styrketrening i Utgard torsdagar framover mot jul. Dette er sirkeltrening som passar for alle frå 5. klasse og oppover. Vi oppmoder foreldre til å delta også! Treninga er open for alle i medlemmer i Lom IL. Medlemmer frå andre idrettslag må betale 1/2 medlemskontingent i Lom IL for å vere med. Tidspunkt: torsdagar 18 – 19.00 – fyrste gong 2. november. Instruktør dei fyrste gongane blir Tor Taraldsrud.
Vel møtt!