Oppdatert info 21.3:
Peder og Kari køyrer og har plass til alle. Frammøte 16:30 ved Best. Rennstart kl 18.
Desse er påmeldt:
• Ivar Sperstad G11
• Lars Mallaug G11
• Ola Fjeld G12
• Ola Vole G13
• Eirik Fjeld G14
• Andrea Sperstad J14
Rennet går i fristil.

Onsdag 21.3 blir det sesongavslutning for Grannekarusellen på Mån med skicross-renn og premieutdeling! Dei som vil vere med, må gje beskjed til Peder seinast tysdag kl 18. Det blir dessverre ikkje minibuss denne gongen, men vi kan eventuelt møtast rundt kl 16:30 ved Best for samkøyring. Rennet startar kl 18.

Reglane for premiering er slik at alle som har delteke på 2 eller 3 renn får liten premie, og alle som har delteke på minst 4 renn får stor premie (skicross-rennet tel ikkje her).

Dessutan blir det trekt ut to gåvekort à 1000 kr blant alle som har delteke på minst 3 renn (inkludert skicross)!