Som dei fleste trulegvis har fått med seg er rulleskiløypa på Lalm ferdig asfaltert og teke i bruk. Vi har også fått montert mesteparten av ljosarmaturen så i løpet av stutt tid vil det også bli ljos slik at ho kan brukast utover kveldane.

Dei attendemeldingane vi har fått er svært positive. Mellom anna har Pål Gunnar Mikkelsplass vore og sett på løypa og hadde berre lovord å koma med. Løypa er totalt 1,9 km og kan brukast på forskjellig vis alt ettersom ferdigheit og ønskjemål. Traseen er passe hard med eit par bratte kneikar, eit par utforkjøringar og elles variert terreng der ein får brukt alle stilarter og vekslande teknikk.

Rulleskiløypa er til for å brukast. Derfor ønskje vi velkomne alle, som vil koma seg vekk frå traffikerte vegar eller flate gangfelt, å bruke løypa vår. Den kan også brukast med andre framkomstmiddel enn rulleski. Det er ingen løypeavgift så tilbodet er heilt gratis,

Vi håper at dykk vil vera hjelpsame med å spreie dette på heimesider eller sosiale media i dykkar klubb.
Elevar frå Vågå ungdomsskule har allereie vore her i kroppsølvingstime. Vi vonar fleire skular følgjer etter. For slike fellestreningar har vi også ski til utlån.

Er det spørsmål så berre ta kontakt.

Velkome åt Lalm.

Beste helsing
Terje Kleiven
Lalm idrettslag
Tlf. 911 63745