Vår leverandør av påmeldingtenester har fornya påmeldinga.  Dette er utanfor vår kontroll, men her er nokre tips:

  • Dei tre skjermbilder under viser korleis den nye pålogginga ser ut. Dette er eit eksempel med påmelding av to barn. Fyrst legg ein da to påmeldingar i handlekurven og deretter registrerer ein namn, kjønn og fødselsdato for dei.
  • Det løner seg å registrere ein brukar som ein logger inn med kvar gong. Då slepp ein skrive inn epost, telefonnummer, adresse og klubb. Dessverre hugsar ikkje systemet borna dine frå gong til gong (denne svakheita har vi rapportert til EqTiming fleire gonger.)
  • Ein treng ikkje logge inn. Da vil fyrste (øvste) deltakar bli fakturamottakar i motsetning til det gamle systemet der ein spesifiserte fakturamottakar separat.
  • Vær nøye å sjekke at fødselsdato og kjønn stemmer, ellers havnar barnet i feil klasse!
  • Det er òg veldig fint om de skriv fornamn/etternamn likt til kvar gong, så forstår systemet kor mange renn barnet har vore på. Spesielt gjeld dette når barnet har etternamn frå begge foreldra.
  • For å sikre seg at påmeldinga er i orden, kan ein etter påmelding gå inn på «Deltakere», som står ved sidan av «Påmelding» på skjermbilda under.