Vi er no godt i gang med skirenna i Lia, og det har vore mykje skiglede i snøen på Måsåmyra så langt!

Programmet vidare for 2018 finn du på heimesida her: lom-idrett.no/ski/lysloyperenn.
Øvst på denne sida finn du no ein link som viser kor mange renn du har delteke på så langt. Vi minner om at det er premiering for lysløyperenna: liten premie for alle som har delteke på minst 2 renn, og stor premie for dei som har delteke på 5 renn eller fleire.

Søndag 21.1 arrangerer vi jubileumsrenn i Presthaugen for å markere at det er 50 år sidan det fyrste lysløyperenn i Lom.
NB! Dette Jubileumsrennet vil òg bli rekna med som tellande lysløyperenn for 2018.

Foto: Ola Rossehaug