Oppdatert 23.1 kl 13:40: Vi har nå -8 ved skihytta alt ligg til rette for glimrande forhold under skirennet i kveld.

Rennet inngår i Telenorkarusellen, og det betyr at det blir ein liten premie frå Telenor ved målgang.

Det er fellestart fristil på programmet, og vi har tenkt å gjennomføre dette slik:

  • Alle skal gå dei vanlege løypene sine: altså same start, same mål og same distanse på alle.
  • Dei som går 0,5 km, skal gå intervallstart som vanleg. Altså ikkje fellestart for dei minste.
  • Trimklassene (med og utan tidtaking) går ein fellestart og får starte først.
  • Klassene frå og med G8/J8 (2. klasse) går fellestart med 1 minutt mellom kvar klasse.

Her er eit døme på korleis dette kan bli:

  • Alle trimmarar startar felles 18:50
  • Alle 0,5km starter intervall frå 18:51 og utover
  • G12 fellestart 19:05
  • J12 fellestart 19:06
  • G11 fellestart 19:07
  • Osv osv med samme rekkefølge som vanleg
  • G8 fellestart 19:13
  • J8 fellestart 19:14
  • Slår til slutt saman 13-årsklassa og eldre i ein fellestart 19:15

NB! tidspunktene kan bli endra – sjekk endeleg startliste i skihytta etter startnummerutdeling! Dersom det blir veldig få i nokon klasse, vil dei få starte saman med ei annan klasse.

Merk at starten vil gå raskare enn elles, så det blir litt mindre tid til skileik og oppvarming før start.

Vel møtt til nytt lysløyperenn i Lia!

Grannekarusell onsdag

Onsdag 24.1 er det grannekarusellrenn i Sjårdalen i klassisk stil. Dei som vil bli med på uhøgtideleg skirenn grannane våre, kan gjerne gje beskjed til Peder i løpet av morgondagen – så veit vi kor mange som blir med frå Lom. Siste påmeldingsfrist i Sjårdalen er 30 minutt før start.