Det er fellestart klassisk på programmet, og vi har tenkt å gjennomføre dette tilsvarande fellesstarten tidlegare i vinter:

  • Alle skal gå dei vanlege løypene sine: altså same start, same mål og same distanse på alle.
  • Dei som går 0,5 km, skal gå intervallstart som vanleg. Altså ikkje fellestart for dei minste.
  • Trimklassene (med og utan tidtaking) går ein fellestart og får starte først.
  • Klassene frå og med G8/J8 (2. klasse) går fellestart med 1 minutt mellom kvar klasse.

Her er eit døme på korleis dette kan bli:

  • Alle trimmarar startar felles 18:50
  • Alle 0,5km starter intervall frå 18:51 og utover
  • G12 fellestart 19:05
  • J12 fellestart 19:06
  • G11 fellestart 19:07
  • Osv osv med samme rekkefølge som vanleg
  • G8 fellestart 19:13
  • J8 fellestart 19:14
  • Slår til slutt saman 13-årsklassa og eldre i ein fellestart 19:15

NB! tidspunktene kan bli endra – sjekk endeleg startliste i skihytta etter startnummerutdeling! Dersom det blir veldig få i nokon klasse, vil dei få starte saman med ei annan klasse.

Merk at starten vil gå raskare enn elles, så det blir litt mindre tid til skileik og oppvarming før start.

Vel møtt til nytt lysløyperenn i Lia!

Grannekarusell onsdag

Onsdag 14.2 er det grannekarusellrenn i Sel med fristil. Det blir minibuss for dei som ynskjer ein sosial tur til Sel. Dei som vil bli med på uhøgtideleg skirenn grannane våre, må melde frå til Peder (98230731) – så veit vi kor mange som blir med frå Lom.
Kvar enkelt må melde seg på sjølve her: Påmelding grannekarusell SEL