Dei yngste til og med 1. klasse

Dei yngste går den vanlege 0,5 km løypa og det er intervallstart. Start og mål som vanleg. Det blir nokre ekstar kuler i løypa denne gongen.

Frå og med 2. klasse og vaksne

Denne gongen er det valfritt skicross eller standardistanser med intervallstart. Dei som melder seg på vanlege aldersklasser går skicross, men om du heller ynskjer å gå vanlege distanser med intervallstart, kan du melde deg på trimklasse. NB! Alle frå og med 2. klasse må difor vere merksame at dei får valg mellom G/J-aldersklasse og trimklasser når dei skal melde seg på online! Det står «Velg klasse*» når ein registrerer seg med navn, fødselsdato osv.
Dersom du ynskjer å skifte klasse etter at du har meldt deg på, kan du sende mail til peder@sperstad.net eller seie frå i sekretariatet i skihytta seinast kl 18:15!

Skicross

Dersom du vil gå skicrossløp heilt tilsvarande rennet vi hadde 6. februar, må du melde deg på riktig aldersklasse mellom G/J8 og G/J 31-99. Vi har laga ei morosam skicrossløype med same start og mål som vanleg, men med kular og reiplykkje. Trasèen følgjer 0,5km løypa pluss den øvre delen av 8-dalet. Deltakarane går eitt heat, to heat eller tre heat avhengig av kor gamle dei er.

G/J 8,9,10 (1km): Dei som vanlegvis går 1km skal gå «skicrossløypa» ein gong. Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. Det blir fellesstart i heat som ikkje nødvendigvis følger vanleg klasseinndeling.

G/J 11,12 (2km): Dei som vanlegvis går 2km skal gå «skicrossløypa» to gonger (heat). Det blir pause mellom dei to heata. Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. Det blir fellesstart i små heat som ikkje nødvendigvis følger vanleg klasseinndeling.

G/J 13+ (3km +) og Trim med tid:  Dei som vanlegvis går 3km og lenger (inklusiv trim m/tid)  skal gå «skicrossløypa tre gonger (heat). Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. For desse blir det to innleiande heat og finaleheat.

Intervallstart

Dersom du vil gå vanleg renn med vanleg distanse og 30 sekund intervallstart, må du melde deg på i trimklasse m/tid eller trimklasse u/tid i stadan for dei vanlege aldersklassene. Trimklassa open for alle heilt ned til 2.klassingane.