Det blir lysløyperenn – valfri stilart – på MÅN i Vågå tysdag 15 januar, i staden for i Lia, for alle som ynskjer å gå. Vi er så heldige at vi får lov å delta på rennet som Tessand IL skal arrangere. Dessverre er det framleis ikkje nok snø i Lia til at vi får kjørt opp løype, men vi vonar det blir ei råd med det aller fyrste.

Alle som vil gå skirenn fyrstkommande tysdag er hjarteleg velkomne til Mån. Valfri stilart. Påmelding på staden kl. 17.45 – 18.15. Rennstart kl. 18.30 presis. Startkontingent kr 40,-. Kontant eller VIPPS.  Møt opp i god tid!

Håper å sjå mange ivrige skiløparar frå Lom på tysdag. Kontakt oss styret i skigruppa om det er noko du lurar på.