Skigruppa

Kalender

<< mar 2018 >>
mtotfls
26 27 28 1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31 1

Føremeldingar

  • Etter ruskevèret dei siste dagane er alle løypene køyrd opp til helga. Slik ser det ut oppi Åslikvolven nå. Vi ynskjer alle god helg og god tur!

  • Alle løyper er køyrt på formiddagen i dag, fredag. Ikkje stort anna å si enn at det er perfekte forhold for ein skitur i helga!

Løypestatus

 

Kartet viser når trakkemaskina køyrde sist. Merk at scooter-prepping ikkje blir vist i dette kartet. Her er fargekodene:

Klikk på menysymbolet på kartet for å sjå fargekoder

Vil du støtte løypekøyringa?

Arbeidet blir utført på dugnad av frivillige, og vi nyttar trakkemaskin eller snøscooter til løypekøyringa. Ved å gje eit bidrag er du med og støtter driftsutgiftene til løypekøyringa.

Du kan betale til kontonummer 2085 07 22480 eller nytte Vipps. Beløpet bestemmer du sjølv.

For å betale med Vipps kan du søke opp «Lom IL – Skigruppa» eller skrive inn Vippsnummer 502189. Då kan du velgje «Løypeavgift årskort kr 300» eller «Løypeavgift valfritt beløp».
Vi set pris på alle bidrag!

 

Løypekøyring:

 

Ljosløypa har hovudprioritet i høve til oppkjøring, og vi prøver så godt vi kan å ha nypreparerte løyper der. Traseane til Kvammen og Åslirunda vert køyrd stort sett mot helgane.

Ljoset i ljosløypa lyser til ca. 22.30 om kveldane.

Ljosløypa har følgjande distansar

  • 1 km
  • 2 km
  • 3 km

Åslirunda:

Rundtur på ca 8 km.
Åslirunda startar ved Skihytta. Kryss vegen og følg vegen eit par hundre meter oppover skogen til skiløypa byrjar. Følger Kvammsvegen oppover ca 2 km. Tek så av til venstre og følgjer «Øvre Stikkveg» i flatare terreng til Gapahuken. Vidare nedover Åslivegen, og så til venstre langs «Nedre Stikkveg» over til Kvammsvegan att.

Opp til Kvammen:

Ca. 3 km

Same som Åslirunda, men går heilt opp til Kvammen.

I tillegg har vi fjelløypa. Du fylgjer sporet opp til Kvammen, og tek av til høgre på flata like før Kvammen. Fjelløypa er ikkje køyrd eller merka

Åslikvolven:

3 km rundløype vestover frå Gapahuken i lett og ope terreng.

Blir køyrt når det er nok snø og sikker is. Denne løypa bles lett att.