Skigruppa

Kalender

<< apr 2019 >>
mtotfls
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 1 2 3 4 5

Føremeldingar

  • Nå har vi kjørt opp alt av løyper i lia, både Åslirunda og samtlege lysløyper. Alt med spor. Det har vel knapt vore finare løyper i vinter, så hiv deg i vegen og ta ein tur anten på dagen, eller ein eftastur.

  • Åslirunda er kjørt opp i efta. Kjempeforhold! 8 talet, 1 km og delvis 2 km er kjørt opp med maskin, men ikkje sporlagt.

Løypestatus

 

Kartet viser når trakkemaskina køyrde sist. Merk at scooter-prepping ikkje blir vist i dette kartet. Her er fargekodene:

Klikk på menysymbolet på kartet for å sjå fargekoder

Vil du støtte løypekøyringa?

Arbeidet blir utført på dugnad av frivillige, og vi nyttar trakkemaskin eller snøscooter til løypekøyringa. Ved å gje eit bidrag er du med og støtter driftsutgiftene til løypekøyringa.

Du kan betale til kontonummer 2085 07 22480 eller nytte Vipps. Beløpet bestemmer du sjølv.

For å betale med Vipps kan du søke opp «Lom IL – Skigruppa» eller skrive inn Vippsnummer 502189. Då kan du velgje «Løypeavgift årskort kr 300» eller «Løypeavgift valfritt beløp».
Vi set pris på alle bidrag!

 

Løypekøyring:

 

Ljosløypa har hovudprioritet i høve til oppkjøring, og vi prøver så godt vi kan å ha nypreparerte løyper der. Traseane til Kvammen og Åslirunda vert køyrd stort sett mot helgane.

Ljoset i ljosløypa lyser til ca. 22.30 om kveldane.

Ljosløypa har følgjande distansar

  • 1 km
  • 2 km
  • 3 km

Åslirunda:

Rundtur på ca 8 km.
Åslirunda startar ved Skihytta. Kryss vegen og følg vegen eit par hundre meter oppover skogen til skiløypa byrjar. Følger Kvammsvegen oppover ca 2 km. Tek så av til venstre og følgjer «Øvre Stikkveg» i flatare terreng til Gapahuken. Vidare nedover Åslivegen, og så til venstre langs «Nedre Stikkveg» over til Kvammsvegan att.

Kvammen:

Ca. 3 km

Oppover Kvamsvegen som  Åslirunda, men går heilt opp til Kvammen.

Åslikvolven:

3 km rundløype vestover frå Gapahuken i lett og ope terreng.

Blir køyrt når det er nok snø og sikker is. Denne løypa bles lett att.

Fjelløypa:

Ca. 17 km

Løypa går fyrst opp til Kvammen og så til fjells.  Vidare i lett fjellterreng nesten til Honnsjoen før løypa svingar sørvaustover att og ned til Åslikvolven.

  • Fjelløypa blir ikkje merka eller køyrd opp, og denne turen krev kunnskap om navigasjon og sikker ferdsel i høgfjellsterreng.
  • Ver obs på skredterreng ned frå Nørdre Storteppingje.
  • Vis omsyn til villrein om området.
  • Vi minner elles om fjellvettreglane.

Kart: Klikk her for kart over fjelløypa

 Kjelde: Jon Sjurgard