No har vinden løya heilt, og vi er snart i gang med å preppe spor til lysløyperennet i kveld. Det kjem til å bli ypparlege forhold for skirenn med 3-4 minus og nysnø!

Så da er det berre å ynskje velkomne til årets andre lysløyperenn, som går i klassisk stil. For fyrste gong arrangerer vi skirenn saman med Skjåk IL, og vi håper mange både frå Skjåk og Lom tek turen i Lia i kveld. Om nokon skulle lure på vegen til skistadion på Måsåmyra, kan dei klikke inn på dette kartet. Påmeldingslink finn du her.

Vi vil òg minne om at det er grannekarusellrenn i Lia i morgon, onsdag 17.1. Her er det berre å møte fram sjølv om du ikkje har tenkt å delta på dei andre grannekarusellrenna. Dette rennet er gratis og du finn meir informasjon her.

Til slutt vil vi informere om at det blir jubileumsrenn i Presthaugen fyrstkomande søndag 21.1. Informasjon finn du her.

Vel møtt til trivelege arrangement!