Grannekarusell

Grannekarusellen på ski 2019

DatoStartStilArrangørResultat
Onsdag 9.0119:00Stafett (sprint klassisk)Tessand (Mån)
Onsdag 16.0119:00FristilLom
Onsdag 23.0119:00KlassiskSjårdalen
Sundag 10.0212:00Fristil (fellesstart)Skjåk(Botn)
Onsdag 13.0219:00FristilSel
Onsdag 20.0218:30Stafett (sprint/klassisk)Lalm/Heidal (Heidalskogen)
Onsdag 20.0318:00Skicross + premieutdeling etter løpetVågå (Mån)

Generelt

Grannekarusellen er uhøgtideleg skirenn i Ottadalen for alle over 8 år (2. klasse). Du vil treffe mange frå Lom på desse renna!

Kuldegrense 15 grader. Varsel om avlysing blir annonsert på heimesida og facebooksida.

Påmeldingsfrist 30 min. før start med unntak av stafettar+skicross. Her er det påmelding seinast kl 20 kvelden før rennet til Peder. Startkontingent på Grannekarusellen blir dekt av Lom IL.

På stafettane må du melde deg på til Peder Sperstad (98230731) seinast kl. 20 kvelden før, så vil vi sette saman stafettlag.

Premiering

Du må delta på minst 2 renn for å få premie og minst 4 for å få den «gjevaste» premien (skicrossrennet 20.3 tel ikkje). Det blir elles vist til reglane for grannekarusellen for poeng og premiering.
Alle som deltek på minst 3 renn (inkl. skicrossrennet 20.3) er med på trekninga om to gåvekort på kr 1000!

Det blir premieutdeling på Mån rett etter at skicross-rennet er slutt.  (skicross-rennet tel ikkje som eiga renn i karusellen)

Kontaktperson

Peder Sperstad, 98230731 peder@sperstad.net

Ekstra renninfo

Stafettar Mån og Heidalskogen

To på kvart lag.
8-10 år: Kan blande lag. Elles inndelt i 11-12 år, 13-14 år og 15 år og eldre, gut- og jenteklasser. Lag med båe kjønn går i gut-/herreklassa.

Påmelding på lysløyperennet dagen før til Peder seinast kl 20:00 eller på telefon/mail.

Skjåk

”Familiedag” med grilling etter rennet. Skjåk ordnar med grill.
Merk: Årets familiedag er sundag!

Skicross Mån

Dette rennet tel ikkje i karusellen, men det er premieutdeling etter rennslutt.

Påmelding seinast kl 20 kvelden før.

Elles

Årets infobrev om grannekarusellen finn du  her.

Gå elles inn på «Kva Skjer?» eller aktivitetskalenderen for mer info, kart etc.