Det siste lysløyperennet denne sesongen er flytta frå Lia til Mån. Vil du framleis gå skirenn, har du sjansen tysdag 12. mars. Da kan du bli med på renn på Mån i Vågå. Påmelding på staden frå kl 17.45. Starten går kl. 18.30. Møt opp i god tid.

Dette blir tellande renn i høve premiering på premiekvelden vår i april.

Fleire har spurt kva som er blir kriteria i år i høve stor / liten premie. Slik blir det i år:
Alle som har deltatt på minst 2 renn får premie. Dei som deltek på 4 renn eller meir får stor premie.