Skigruppa i Skjåk IL inviterer folk frå Lom og Skjåk til «Bytehelga» 2017.  Dette er eit nasjonalt konspet som Skiforbundet og Sparebank 1 står bak. Hensikta med arrangementet er å vise folk at det er lurt å kjøpe brukt sportsutstyr. Høge krav til utstyr gjer at mange ikkje har moglegheit for å drive med utstyrskrevjande idrettar som langrenn eller alpint. Vi oppmodar derfor folk om å finne fram utstyr som ikkje passar eller som ein ikkje har bruk for lenger. Dette utstyret kan vere til stor glede for andre. På bytedagen blir det anledning til å stille med alt av sportsutstyr som ein ynskjer å selje eller gi bort.

Bytedagen blir arrangert laurdag 18. november kl 11-15 i kantina på Skjåk ungdomsskule.
Levering av utstyr
Når du leverer utstyr til oss, bestemmer du sjølv eller i samråd med oss kva pris du vil ta for utstyret. Vi står for salet på sjølve bytedagen laurdag 18. november. Etter stengetid attendebetaler vi heile salssummen til din konto. Vi tek ingen provisjon for salet. Dersom du ynskjer å donere utstyr gratis til skigruppa. Vi prisset da utstyret og eventuell forteneste går til skigruppa eller til å dekkje inn for utgifter ifbm. arrangementet.
Tidspunkt for levering av utstyr:
Lom:  Tysdag 7.november kl 0900 – 1700 i klubbhuset i Grov.
Skjåk: Torsdag 9. november kl 0900 – 1700 i Skjåkhallen.
              Laurdag 18. november kl 0900 – 1100 i kantina på Skjåk ungdomsskule.
Tidspunkt for henting av utstyr som ikkje blir seld.
Laurdag 18.november kl 15.00 – 15.30. Skigruppa tek utstyr som ikkje blir henta.