I helga har det vore avslutning for GD cup og Gålå cup, samt KM stafettar på Gålå. Fleire Lomsløparar var i aksjon og sette eit flott punktum for skisesongen 2018.


På bildet ser vi Lom sitt lag i G11-12 med Ola Fjeld, Ivar Sperstad og Lars Mallaug, som kom i mål til ein god 5. plass.
Ola Fjeld stod også for det beste resultatet i GD cup samanlagt med ein sterk 3. plass fire fattige poeng bak 2. plassen. Vi gratulerer!

Alle resultata finn du ved å klikke på linkane under:
GD cup, samanlagtresultat 2018: klikk her
Gålå cup, samanlagtresultat 2018: klikk her
Gålårennet 2018: klikk her