Skigruppa

Kalender

<< jan 2018 >>
mtotfls
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31 1 2 3 4

Føremeldingar

  • Etter ruskevèret dei siste dagane er alle løypene køyrd opp til helga. Slik ser det ut oppi Åslikvolven nå. Vi ynskjer alle god helg og god tur!

  • Alle løyper er køyrt på formiddagen i dag, fredag. Ikkje stort anna å si enn at det er perfekte forhold for ein skitur i helga!

Neste

Kor mange renn har eg gått i år? Klikk her

Premiekveld torsdag 26.4 (NB! ny dato) Kulturstugu i Utgard

les mer

Avslutningshelg på Gålå

I helga har det vore avslutning for GD cup og Gålå cup, samt KM stafettar på Gålå. Fleire Lomsløparar var i aksjon og sette eit flott punktum for skisesongen 2018. På bildet ser vi Lom sitt lag i G11-12 med Ola Fjeld, Ivar Sperstad og Lars Mallaug, som kom i mål til...

Sesongavslutning for Grannekarusellen på Mån 21.3

Oppdatert info 21.3:
Peder og Kari køyrer og har plass til alle. Frammøte 16:30 ved Best. Rennstart kl 18.
Desse er påmeldt:
• Ivar Sperstad G11
• Lars Mallaug G11
• Ola Fjeld G12
• Ola Vole G13
• Eirik Fjeld G14
• Andrea Sperstad J14
Rennet går i fristil.

Onsdag 21.3 blir det sesongavslutning for Grannekarusellen på Mån med skicross-renn og premieutdeling! Dei som vil vere med, må gje beskjed til Peder seinast tysdag kl 18. Det blir dessverre ikkje minibuss denne gongen, men vi kan eventuelt møtast rundt kl 16:30 ved Best for samkøyring. Rennet startar kl 18.

Reglane for premiering er slik at alle som har delteke på 2 eller 3 renn får liten premie, og alle som har delteke på minst 4 renn får stor premie (skicross-rennet tel ikkje her).

Dessutan blir det trekt ut to gåvekort à 1000 kr blant alle som har delteke på minst 3 renn (inkludert skicross)!

Ungdomstrimmen – utvida frist!

I vinter har vi hatt ei eiga bok i Gapahuken der ungdomar på ungdomsskulen og vidaregåande kan skrive namnet sitt og vere med på trekking av eit lettvekts primus-/koke-sett.
Med det flotte vêret og føret vi har om dagen utvidar vi fristen. Siste frist blir tysdag 20. mars. Sist vi sjekka var det ikkje veldig mange som kvalifiserte til premie, så her er sjansen stor for å vinne!

Bidrag til løypekøyring

Det har vore ein fantastisk snøvinter, og vi har no køyrt løyper i Lia i 4 månader. Vi håper løypene har vore til glede for flest mogleg. Løypekøyringa er dugnadsarbeid, men vi har ein god del utgifter til trakkemaskin, scooter, drivstoff med meir. Vi håper å halde...

Ungdomstrimmen – Gapahuken

I vinter har Skigruppa sett opp ein uttrekkspremie for elevar på ungdomsskulen og vidaregåande som besøkjer Gapahuken i Åslia minst 10 gonger. Informasjon om ungdomstrimmen finn du her. Premien er Kovea Solo 3 kokesett med titanum brenner. Dette er eit lettvekts...

Lysløyperenn 20.2: fristil med valfri skicross

Dei yngste til og med 1. klasse Dei yngste går den vanlege 0,5 km løypa og det er intervallstart. Start og mål som vanleg. Det blir nokre ekstar kuler i løypa denne gongen. Frå og med 2. klasse og vaksne Denne gongen er det valfritt skicross eller standardistanser med...

Føremelding 16.2

Etter ruskevèret dei siste dagane er alle løypene køyrd opp til helga. Slik ser det ut oppi Åslikvolven nå. Vi ynskjer alle god helg og god...

Vår hovedsponsor

Kva skjer?

Siste innlegg