Styret i skigruppa 2017/18 takkar for seg og ynskjer alle vel møtt neste sesong!
Knut, Peder, Pål, Øyvind og Bente 🙂

Nettpåmeldinga har blitt endra, og vi har lagt ut litt tips og skjermbilder for å gjere overgangen lettare: Sjå her.

Informasjon om lysløyperenn
Det er online påmelding fram til kl 1815 på renndagen. Det er òg høve for påmelding i skihytta mellom 1800 og 1815.
Tips: Etter påmelding tilrår vi alle å sjekke deltakarlista om du og dine er oppført i rett klasse. Deltakarlista finn du på påmeldingssida frå menyen.
Startnummerutdeling ca. kl 1830.
Kuldegrensa er -15 grader. Sjekke heimesida, eventuell avlysing vil skje innan kl 14.00 same dag.
Alle som startar må vere medlemmar i Lom IL. Medlemmar frå Garmo IL, Bøverdalen IL og Skjåk IL er òg inviterte til å delta.
Vi er avhengig av gode hjelparar! Sjekk om du står oppført på arbeidslista: Klikk her