Etter eit par månader med iherdig dugnadsinnsats, står ishockeybana nå klar til bruk. Idrettslaget ynskjer å takke Anders Ringebo og resten av dugnadsgjengen for den kollosale innsatsen dei har lagt ned så langt.

Laurdag 3. desember blir det anledning til å prøve isen, og vi inviterer både store og små. Ishockeybana er ikkje eit anlegg for berre ishockey, men og for alle andre som ynskjer å ha det artig med ulike aktivitetar på is. Våre vener i Lalm ishockeyklubb stiller med slipemaskin og sliper skøytene dine for 50 kr pr.par før du går ut på isen. Slipinga vil føregå inne i klubbhuset, og dette er å anbefale for å få ei enda betre oppleving ute på isen. Lalmingane vil og ha med seg ein del brukt hockeyutstyr for dei som ynskjer seg ei rimeleg startpakke. Ishockey er fysisk krevjande og dersom du treng ein pust i bakken vil det bli ope for  sal av kaffe, vafler og kake i klubbhuset. Om det er nokon som ikkje har skøyter, har vi ein del til utlån. 

Vi startar opp fra klokka 12.00. Ta med barn, mor, far, bestemor og bestefar og prøv skøytene! Del gjerne dette innlegget slik at vi når flest mogleg.

Velkomen

15095487_1252758024783504_3659261901186173802_n