I haust og vinter har ishockeygruppa lagt ned ein kollosal innsats for å få klar ishockeybana til vinteren. Alt dette arbeidet er gjort på dugnad, men materiellet som er anskaffa og vedlikehaldet av bana er likevel kostbart. For å dekkje inn att for noko av utgiftene våre, håpar vi at lokalt næringsliv vil bidra som sponsorar.

Det nye anlegget må sjølvsagt ha eit namn, og dette ønskjer vi no å auksjonere bort, slik som ein har gjort det på Lalm. Etter endt budrunde vart anlegget der døypt til Proel arena. Om bedrifta di ynskjer å profilere seg lokalt og samtidig støtte eitt nytt aktivitetstilbod i Lom, har du no moglegheita til å få oppkalla anlegget etter di bedrift. Du vil da få logoen din godt synleg plassert ved inngangspartiet til anlegget, eksempelvis slik som ein har gjort på Lalm (sjå bilete frå Proel arena under).

Det vil og vere mogleg å få profilering langs vantet (det kvite «gjerdet» rundt anlegget). Logoane blir da godt synleg for alle som brukar anlegget.

Ta gjerne kontakt ved interesse eller spørsmål.

Hallgeir Garmo, dl@lom-idrett.no eller 909 85 821