Lomsturneringa er ei populær turnering for spelarar frå 2.klasse t.o.m 5.klasse. I år er det rekordmange påmeldte og har nådd deltakargrensa på 255 spelarar, og vi vurderer å opne for fleire deltakarar.

Med så mange deltakarar og kampar i Grov, har vi stort behov for mannskap til kiosk, grilling og spelarservering. Dette blir garantert ein trivleg dag med mykje idrettsglede i Grov, og vi håpar at flest mogleg tek turen, anten som friviljug eller som publikum. Dei fyrste kampane startar 10.30 og vi reknar med å vere ferdige ca kl 15.00.

Om du har anledning til å stille som friviljug, meld deg til Olav Gubrand Øyen på ogoeyen@hotmail.com eller tlf 905 40 150.

Vel møtt!

Helsing fotballgruppa, Lom IL