Terminlistemøte for lag opp til og med 10 år
28. mar 2017
19:00 - 21:00
Laster kart ....

Da nærmar det seg avspark for fotballsesongen.

Vi må difor koma saman og lage kampoppsett for dei yngste laga. Spelarar født 2007-2010(tom10år).

Årets terminlistemøte for dei lokale laga blir i Utgard i Lom tysdag 28. mars kl. 19.00.
Alle lag som har tenkt å vere med i «Ottadalsserien» må vere representerte på møtet.

Målet for møtet

  • lage kampoppsett for sesongen
  • bli einige om korleis kampkveldane skal organiserast og gjennomførast

Vi ber om at alle lags representantar tenkjer gjennom følgjande før møtet eller diskuterer undervegs i møtet:

  • ant. lag din klubb skal stille med i dei ulike årsklassane
  • har din klubb reint jentelag slik at vi kan få til reine jentekampar
  • Klubbane Lom, Skjåk og Vågå har tidlegare bestemt at det skal arbeidast aktivt for å få reine jentelag f.o.m. 8-åringane.
  • har din klubb reine årskull eller fleire årskull saman. Kva aldersgruppe bør laget spele mot?
  • jamne kampar  tiltak og vurdering
  • ant. kampkveldar i løpet av sesongen
  • ant. kampar pr. lag pr. kampkveld
  • kamplengde
  • har arrangørane nok banar med riktige mål som trengs for å gjennomføre oppsettet
  • har vi oversikt over kampreglement og regelendringar
  • når kan din klubb vere arrangør
  • kva forventar vi av dommarane

Av omsyn til servering må underteikna få ei attendemelding om kor mange representantar det kjem frå kvar klubb. Ber om snarleg attendemelding og seinast torsdag 23. mars.

Velkomne

Med helsing
Olav G. Øyen, 90540150
Lom IL