For kven?

  • Jenter og gutar i Lomsfotballen født 2001 tom 2010.

Kva er småspel?

  • Eit speltilbod med mange kampar, scoringar og ballberøringar. Ballen er alltid i spel. Kampane går etter turneringsprinsippet – stutte kampar og pausar.
  • Inntil 1 ½ time med fotballkampar i tre ulike variantar på tre banar samstundes.
    • Bane 1: Hjørnefotball(3v3 el. 4v4)
    • Bane 2: 3v3 på små mål(115cmx160cm) utan keeper.
    • Bane 3: 3v3 på handballmål med keeper.

Organisering

  • Kvar spelvariant brukar 1/3 av hallen.
  • Alle lag spelar inntil ½ time per spelvariant og skiftar deretter til neste bane.
  • Helst 3 og maks 5 spelarar på kvart lag
  • Grupper:
    • yngre jenter
    • eldre jenter
    • yngre gutar
    • eldre gutar
    • Med atterhald om endringar utifrå talet på påmeldte spelarar.
  • Trenarteama frå sesongen 2017 fordeler spelarane i kvar gruppe på lag etter kjønn, alder og nivå. Jambyrdige lag spelar mot kvarandre. Trenarane set opp lag på førehand.
  • Ein trenar dømmer på kvar bane. Resten av trenarane organiserer laga og evt innbytte.
  • Påmelding på førehand til trenaren laget ditt har hatt i sesongen 2017
    • Viktig at påmeldingsfristen blir halde, da laga skal setjast opp på førehand. Slik vil vi lettare greie å få til jambyrdige lag med best mestringsutbytte for så mange som råd.
  • BINDANDE PÅMELDING SEINAST SUNDAG 5.NOVEMBER
  • HUGS AT DU SKAL MELDE DEG PÅ DIREKTE TIL DIN TRENAR

 

Tid for oppstart for dei ulike gruppene blir lagt ut på Lom IL si heimeside når laga er klare.

Speldagen har fyrste avspark kl. 10.00.

 

Med atterhald om at det kan bli endringar.