Fotballlaget til Lom G2005(G12) var på sin årlege fotballtur til Vestlandet laurdag 15.juli.

Ein gjeng spente gutar hadde tidleg avreise med minibuss frå Lom. Fyrste stor oppleving på turen var kamp mot vennskapslaget i Hafslo, som dei har spela kamp mot dei fire siste åra. Hafslo har og vore i Lom to av desse åra og spela mot Lom G12 i samband med Lomsturneringa. Årets kamp synte to lag som prøvde å spele fotball langs bakken og greide å produsere fin angrepsfotball. Mykje flott samspel ga mange fine scoringar. Kampen vart avslutta med ei uhøgtidleg straffesparkkonkurranse. Lomsdelegasjonen vart svært godt motteken i Hafslo og i fekk overrekt ei drakt signert av alle Hafslospelarane etter kampslutt.

Turen gjekk vidare til Sogndal og dagens høgdepunkt, Tippeligakampen Sogndal-Rosenborg. Der Lom G12 var ballgutar. Dei var med spelarane frå Sogndal og Rosenborg på innmarsj til kampen og spelte intern kamp i pausen i Tippeligakampen.

Sogndal-Rosenborg enda 0-3 og pausekampen Lom Raud – Lom Kvit 2-2. Dermed kan lomsgutane skryte av at dei scora fleire mål på Fosshaugane Campus denne dagen enn sjølvaste Sogndal og Rosenborg til saman. Det blir nok lenge til lomsgutane spelar kamp for over 4500 tilskodarar att.

Dette var fjerde året på rad at Lom G2005 har vore på vestlandstur som ballhentarar og spelt pausekamp på Fosshaugane Campus. Årets Sogndalkamp med Rosenborg som motstandar var nok høgdepunktet, men Sogndal – Follo, Sogndal – Odd og Sogndal – Molde har og vore flotte opplevingar.

Kamp mot Hafslo

Kamp mot Hafslo

Frå kampen i Hafslo

Spelarane frå Lom bak frå venstre: Olav Flækøy Bræk, Asmund Moen, Munir Labane (skjult bak)Ola Fjeld, Syver Stø Mundhjeld, Ola Vole, Ivar Sperstad, Lars Mallaug, Marius Øyen, Amund Helstad, Thomas Tesfamichael, Amund Bjørnstad Kolden og Jo Aukrust.

Ballgutar Sogndal-Rosenborg

Ballgutar Sogndal-Rosenborg

På Fosshaugane Campus

Bak: Amund Bjørnstad Kolden , Asmund Moen, Olve Flækøy Bræk, (Sogndalspelarar: Teniste, Birkelund, Fredriksen, Schulze), Amund Helstad ,Jo Aukrust Munir Labane
Framme: Ola Fjeld, Syver Stø Mundhjeld, Lars Mallaug, Marius Øyen, Ivar Sperstad, Ola Vole og Thomas Tesfamichael

Se pausekampen Lom Raud – Lom Kvit