Alle som har lyst til å vere badevakter i Utgard, må ha godkjent livredningskurs. Bassenget i Utgard er ikkje djupt nok til at ein kan gjennomføre godkjent livredningskurs her. Derfor må livredningskursa gjennomførast i Skjåk, og 26.april kl 16.00 har Kai Rune Kveen kurs for badevaktkandidatar frå Lom.

Kurset er gratis for dei som skal vere badevakter i Utgard. Minner om at vi er påkrevd å ha godkjente livreddarar på plass for at bassenget skal halde ope for idrettslaget på kveldstid.

Det er 12 plassar og lærarar frå skulane i Lom har prioritet. Påmelding til Monika Øyen på mail: monika.oyen@lom.kommune.no.