Vi har seld mykje, men fortsatt står det att ein del dopapir i dei gamle lokala til Lom Møbelindustri. Dette er årets største dugnad og ei viktig inntektskjelde for fotballgruppa.

Alle som har fått e-post om dopapirsal, kan ta kontakt med Kristin Mundhjeld på 915 56 826 eller Merete Dagsgard på 913 89 044.

Det er utøvarar og føresette på gj2006, gj2007, gj2008 og dame- og herrelaget samt styret som er utkalla til denne dugnaden. Om det er andre som ynskjer å bidra, er dykk sjølvsagt hjarteleg velkomne til det 🙂