Denne sida inneheld informasjon om treningar og kampar for G2007/G12.

Sommertreningar:

Treningstidene er:

  • Måndag 1900-2030 i Bismo.
  • Torsdag 1900-2030 i Bismo.

Det blir frivillig trening i Bismo mandagar og torsdagar kl. 19.00-20.30 i heile juli f.o.m 1.7. Dette tilbodet er eit samarbeid mellom G12, G13, G14 og G15, så det blir fleire trenarar og inndeling etter nivå. Treninga er som sagt frivillig og det er berre å møte opp om ein har tid og lyst. Det er ikkje naudsynt å gje beskjed om ein kjem/ikkje kjem.

Det er heller ikkje organisert noko køyring frå Lom, men dei som køyrer kan gjerne møte opp på bussplassen ved Loar kl 18.30 for evt samkøyring. Det finns dessutan ei messenger-gruppe (Kjøring til Sommertrening 04-07) der ein kan avtale. Sei frå til Peder nokon vil leggast til i denne gruppa.

Vi ynskjer alle ein god sommar! 😎☀️


DatoTidLagStedFrammøteKøyring/Kiosk
09.05.2019 - torsdag18:00Kvam - LomEidesand kunstgress15:45Mikkel, Ivar, Erlend
16.05.2019 - torsdag18:30Lom - OttaBismo stadion17:45
23.05.2019 - torsdag18:00Vågå 7er - LomHalland kunstgras16:45Bashir, Kebron, Sivert
29.05.2019 - onsdag18:00Lom - Harpefoss/Sør-FronBismo stadion17:15 (NB!)Simen, Sivert
06.06.2019 - torsdag19:00Dombås 7er- LomDombås16:55Gjermund, Ivar, Lars
13.06.2019 - torsdag18:00Lesja/Lesjaskog 7er - Lom Lyftingsmobana15:45Simen, Johan, Ivar
17.06.2019 - måndag18:30Lom - Heidal 7erBismo stadion17:45Erlend, Johan
15.08.2019 - torsdag18:30Lom - KvamBismo stadion17:45
22.08.2019 - torsdag?Otta - LomØya?
29.08.2019 - torsdag18:30Lom - VågåBismo stadion17:45
05.09.2019 - torsdag?Harpefoss/Sør-From - LomFlatmoen
12.09.2019 - torsdag18:30Lom - Dombås 7erBismo stadion17:45
19.09.2019 - torsdag18:30Lom - Lesja/Lesjaskog 7erBismo stadion17:45
26.09.2019 - torsdag?Heidal 7er - LomHeidal idrettsplass?

Kampar:

  • Hugs drakta!
  • På heimekamp er det oppmøte i Bismo kl 17:45. Det blir ikkje sett opp køyring på heimekampar, men ta kontakt om nokon treng skyss!
  • På bortekamp er det oppmøte i bussplassen ved Loar på tidspunkt som står på køyrelista.
  • Si frå så tidleg som mogleg dersom du ikkje kan stille på kamp eller trening.
  • Ta med mat/frukt og drikke på bortekamp.
  • Legg att pengar og verdisaker heime. Det blir ikkje bensinstasjonstopp.
  • Legg att mobiltelefon heime. Ungane har godt av skjermfri og vaksne som er med kan vidareformidle beskjedar.
  • Det er sett opp 3 sjåfør-heimar på kvar bortekamp. Gje beskjed til meg dersom de byter dykk imellom!
  • Ungane set pris på om mange møter opp og ser på.
  • På kamp skal foreldre og publikum i utgangspunktet finne sin plass på motsatt side av lagleder- og spillersiden.
  • Hugs berre ros til dommaren – aldri kritikk.
  • Kioskinfo Skjåk:  Nøkkelen til kiosken og safen ligg inne på YX Bismo. Det er den som står øvst som har ansvaret for å hente nøkkelen. Informasjon ang. kiosksalet ligg i kiosken (i safen). Kom gjerne litt før kampstart for å trakte kaffe.