Fotballproffar i Lom
12. jun 2018
16:00 - 18:00

Profesjonelle fotballspelarar som og er landslagsspelarar kjem til Lom

Fotballspelarane Mats Møller Dæhli og Morten Thorsby kjem til Lom. Dette er eit samarbeidstiltak mellom Lom IL fotballgruppa og Vågå IL.
Mats Møller Dæhli(23) har bakgrunn frå klubbar som Lyn, Stabæk, Manchester United, Molde, Cardiff, Freiburg og nå St.Pauli. I tillegg har han mange landskampar frå aldersbestemte landslag og A-landslag.
Morten Thorsby(22) har bakgrunn frå klubbar som Lyn, Stabæk og nå Heerenveen. I tillegg har han mange landskampar frå aldersbestemte landslag og har også representert A-landslaget. Morten Thorsby har også tilknyting til Lom.
Landslagsspelarane har kome med tilbod om å gjennomføre ei treningsøkt med ei jentegruppe frå Vågå og G14 frå Lom.

Alle som har lyst er velkomne til å sjå på treningsøkta

Morten Thorsby Mats Møller DæhliEtterpå vil det bli høve til å stille spørsmål til Mats og Morten. De vil bli mogleg å få autografar eller bilde med proff – og landslagsspelarane etterpå.
Det er svært sjeldan vi får besøk av så kjente, og framleis aktive fotballstjerner.
Håpar mange kjem og får med seg denne historiske opplevinga.