Fotballgruppa i Lom IL vil starte opp med balltrening/-leik for jenter og gutar fødde i 2011.

Stad: Utgard
Tid: onsdagar kl. 16.30 – 17.30
Oppstartdato:  1. nov

Ansvarleg for treningane er Stig Roar Mandal (45403444, stigroar@stigroar.com)

Awat Mustafa vil og vera trenar. Vi treng og ein oppmann. Om andre foreldre/ føresette ynskjer å bidra, ville det vore flott. Bare ta kontakt, det er veldig bra å ha fleire til å hjelpe til. Det blir nok av ungar som treng å få skolissane knytt, må på do eller treng litt trøst.

Vi minnar om at ein må bruke innesko i Utgard. Alle må bruke leggskinner på treningane. Send gjerne med ei drikkeflaske. Det er fint om vaksne følgjer ungane inn og hentar dei inne også, slik at de kan hjelpe til med knyting av skolisser og sjå til at alle kleda blir med heim.

Alle som deltek i aktivitetar i Lom IL, må vere medlemmar. Sjå heimesida til Lom IL for medlemskontigent.

Håpar mange har lyst til å vere med frå starten av. Den motoriske gullalderen er frå 7-11 år. I denne alderen blir grunnlaget for god motorikk lagt. Ballaktivitet er framifrå motorisk trening. Derfor vil vi drive variert ballaktivitet i vinter, og i større grad gå over til fotball når sesongen nærmar seg.