Det går mot vår og dugnadstid! Lom Event er godt i gang med førebuingane til årets Fjordingsmartna, og som tidlegare vil idrettslaget vere ein viktig bidragsytar i gjennomføringa. I år vil vi ikkje stå for kioskdrifta, men vi vil få eit større ansvar for vakthaldet på martnasområdet. Det totale antalet dugnadstimar vil bli omtrent det same i år som i fjor, men vi vil altså få litt andre arbeidsoppgåver.

Vi ønskjer at alle skal få sjansa til å velje ei vakt som passar godt. Vi prøver så langt det er muleg å innfri ønskjene, men er det fleire som ønskjer same vakta er det fyrstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Det er sjølvsagt lov å ta fleire økter, og å oppgje fleire alternativ.Gå til martnassida for meir informasjon om vaktlister og påmeldingsskjema..