Skigruppa inviterer til ny runde med styrketrening i Utgard torsdagar framover mot jul. Dette er sirkeltrening som passar for alle frå 5. klasse og oppover. Vi oppmoder foreldre til å delta også! Treninga er open for alle i medlemmer i Lom IL. Medlemmer frå andre idrettslag må betale 1/2 medlemskontingent i Lom IL for å vere med. Tidspunkt: Torsdagar 19.30 – 20.30 – fyrste gong 8. november. Instruktør fyrstkommande tordag er Bjørg Lund.
Vel møtt!