Monika har sin siste arbeidsdag fredag 26. april. Allereie måndag 29. april tek Jarleiv Kjørren over, etter å ha hatt fire dagars overlapp saman med Monika.


Jarleiv er ein kjent figur i Lom og Skjåk, og har lang fartstid bak seg i Lom IL. Han har vore engasjert i idretten i ein mannsalder, og gler seg til å bidra til at alle skal ha best mogleg tilbod, og at trenarar, oppmenn og anna friviljuge i begge idrettslaga skal ha eit trygt og godt opplegg å halde seg til.

Jarleiv tek over e-postadressa og telefonnummeret Monika har hatt. Han vil ha kontor i Møbler fra Lom sine lokalar, og med kontoret i Signegarden i Bismo som alternativ ved behov.

Vi gler oss veldig, og håpar dykk alle vil ynskje Jarleiv hjarteleg velkomen inn i varmen!