Hanne Stokke Moen held kurs på hjertestartar og fyrstehjelp for idrettslaget 30.november kl 18-2030 i klubbhuset.

Viktig at alle lag og treningsrupper har personar med kompetanse på bruk av hjertestartar og fyrtehjelp. Denne kompetansa er ferskvare, så om du ikkje har hatt oppfriskning siste året, anbefaler vi at du som trenar eller oppmann stiller på kurset.

Maks deltakarantal er 10 stk.  Idrettsskulen, ski, ishockey og trimgruppa har fyrsterett på dette kurset, men om det blir ledige plassar fyller vi sjølvsagt på med fotballtrenarar/oppmenn. I mars/april køyrer vi to nye kurs øyremerkt fotballgruppa.

Tema for kurset:

– D-HLR ( opplæring HLR med hjertestartar og dukke )

– undersøkelse av «pasient» m/ ABCDE- tiltak

– fremmedlegeme

-skader div ( brudd, ute av ledd, strekk, forstuvning mm )

Påmelding til dl@lom-idrett.no.

Kurset er gratis.

Vel møtt!